Norwegian | English

Flotte Konsertar - fulle hus

At mange likar musikken til den 40 år gamle popgruppa Queen og deira legendariske frontfigur 20 år etter hans død, skal ingen tvile på. Dette var tydeleg på konsertane sist helg. Men ei vesentleg årsak må og tilskrivast frontfigur på desse konsertane; Åge Sten Nilsen  

Mange gode krefter

Uttrykket eit fyrverkeri på scena var absolutt på sin plass. Her var det ein artist som gav det han hadde til eit entusiastisk publikum. Eit stort og samansett kor frå Brattvåg og Ørskog saman med Ørskog brass og eit skikkeleg rockeband danna rom og ramme kring artisten frå Østfold som er kjend både frå Wig wam, Korslaget og som tolkar av nettopp Freddie Mercury.

Det kan seiast mykje om original og kopi, men Åge Sten Nilsen har valt tolking i staden for kopiering, og det er fornuftig. Når ein skal framføre Queen sin musikk, må ein fyrst og fremst kunne syngje kunne syngje og ikkje minst leggje kraft i dei høge tonane; slik Nilsen gjer på ein utmerka måte. Ein treng derimot ikkje å prøve og etterlikne personen Mercury.

ØSS’n på Sjøholt (korpset som helst vil syngje), har no lagt bak seg to vellukka konsertar som kor saman med kjente artistar. For nokre månader sidan var det julekonsert med Hanne Krogh og no ein hyllest til Queen. Denne gongen hadde dei fått med Brattvågkoret som er kjent for mange fl otte programkonsertar og no kan føye nok ein til rekkja. Det heile tydelegvis leia med stødig hand av Solveig Håvik; for dei to kora gjekk både godt i hop og godtom ein annan.
Ørskog brass klarte seg også svært bra under dirigent Marianne Slyngstadli. Dei fekk hemningslaus skryt frå Åge Sten Nilsen som sa fleire gonger dei var beste korpset han hadde sunge saman med.
Så var det rockebandet som sørgde for rytme, djuptrykk og rockepreg. Dette var fem svært flinke musikarar som imponerte stort.


Nærgåande publikumsfrieri

I ulike samanstillingar vart nærare 20 låtar signert Queen framført. Her var både dei svært kjende og dei ikkje fullt så kjende. Dei fleste av dei kjende, var på plass så langt vi veit. Åge Sten Nilsen er ein artist som ikkje er redd for nærgåande frieri til publikum og aktivt prøver å trekkje dei med.

 

 Bandet sørgde for rytme og overtrykk i musikken. F.v. Jan Gunnar Åkre, tangent, Frank Utgård, gitar, Reidar Hovden, gitar, Karl Johan Andersen, bass og Torgeir Lødemel, trommer.


 

 

Turnéliste

Se alle kommende arrangement

Åge svarer deg!

Har du et spørsmål du gnager etter å stille Åge eller en hilsen har du muligheten her!

Så ofte han kan, vil Åge svare deg personlig her, og kanskje akkurat ditt spørsmål blir publisert her på nettsiden. Så hva venter du egentlig på? Gå til Q&A nå!

Fra galleriet